Våre fangstdagbøker er nå klargjort for fangstprøvelotteriet.
Det betyr at fartøy som fisker følgende arter kan bli bedt om å ta prøve av fangsten sin.
- Brisling
- Hestmakrell
- Kolmule
- Lodde
- Makrell
- Sild
- Strømsild
- Tobis
- Vassild
- Øyepål
Du vil få beskjed i fangstdagboka om du er med i «lotteriet» og om du skal ta prøver.
Formålet med fangstprøvelotteriet er å få et bedre grunnlag for bestandsestimering.
Du vil finne informasjon og brukerveiledning om fangstprøvelotteriet via hjelp-menyen i eFangst. NB! eFangst må være oppgrader til siste versjon. Bruker du eCatch vil du få beskjed direkte i meldingsflyten.

Under kan du lese Havforskningsinstituttets beskrivelse av hvordan fangstprøvelotteriet fungerer i praksis. Informasjonen under er hentet fra instituttets nettsider og kan finnes igjen her.
Informasjon fraHavforskningsinstituttet
Prøvetaking
Vi ynskjer prøver frå enkeltfangstar (notkast, trålhal, …) og ikkje frå fangst i rommet. Når det gjeld nvg-sild blir den alderslest ved å analysere fiskeskjel (risp) og ikkje øyresteinane som er vanleg for anna fisk. For at resultatet skal bli godt, må ein ha minst mogeleg handtering av fisken.
Reint praktisk vil det seie at for nvg-sild vil vi be om at prøven vert teken tidleg i fangstprosessen, når ein startar å pumpa om bord frå eit kast.
Ein prøve er i denne samanhengen omtrent 15 kg (2 kg for brisling og øyepål) som ein tek til side. Prøven kan oppbevarast i ein stamp e.l. inntil vidare. Vanlegvis vil vi at fisken som ein tek ut skal vera tilfeldig valt frå heile fangsten, men når det gjeld nvg-sild er det viktigare at den blir teken ut i starten. Prøven kan godt vera den same som sortimentsprøven ein tek til Sildesalslaget.
Vi ber altså om at denne prøven vert oppbevart inntil svar frå «lotteriet» blir motteke (sjå neste punkt). Dersom det går meir enn 1 time før svar vert motteke, kan prøven kasserast.
Fangstdagbok
Vi forutset at avgangsmelding er sendt som vanleg og at fartøyet er bedt om å delta på prøvetakingsprogram på inneverande tur. Tilbakemelding på dette får ein via fangstdagboka.
Start fangst (hal) og sluttfangst (hal) blir registrert på vanleg måte i fangstdagboka. Det som startar «lotteriet» er at sluttfangst vert registrert og at art og kvantum vert registrert i dagboka. Når dette er registrert går ein automatisk melding til HI sitt «sildelotteri» og svar vert sendt tilbake til fangstdagboka med ein gong.
I dei aller fleste tilfelle tek det under 10 minutt frå fartøyet sender meldinga til svar frå HI er motteke. Dersom svar ikkje er motteke innan ein time, kan fangstprøven kasserast.
Svaret er enten JA … eller NEI …
Pakking, emballasje og merking
Dersom svar på «lotteriet» er JA, ynskjer vi at prøven som vart teken, vert pakka, merka, frosen og levert til landanlegg ved passande høve.
Når det gjeld pakking, kan ein bruka den emballasjen ein har som er eigna til dette. Vi treng ein prøve på minst 2 kg for brisling og øyepål/augepål og 15 kg for dei andre artane. Vi har sendt ut ein del 10 kg-kartongar merka spesielt for dette føremålet, men det går fint å bruka vanlege 20–25 kg kassar som industrien brukar.
Det er viktig å ha passande emballasje om bord. Det er veldig viktig at prøven blir merka godt. Bruk gjerne etikettane vi har sendt ut, og skriv på med vassfast tusj. Etikettane er også lagt på http://www.hi.no/fangstprover for nedlasting. Fangstopplysningsetiketten må plasserast på kortenden på kassen. Bruk gjerne klar pakketape til å feste etiketten om den ikkje sit godt fast, eller skriv direkte på kassen. Det er viktig med ein eintydig referanse til fangstdagboka.
Legg prøva i frysaren til den vert levert til eit landanlegg. For mindre fartøy som ikkje har plass til frysing, vil prøven ofte kunna lagrast fersk. Dette gjeld i vinterhalvåret, og dersom det er kort tid til levering på landanlegg eller til føringsbåt med frysekapasitet.
Levering til landanlegg
Dei aller fleste mottaksanlegga har sagt seg villige til å ta imot disse fangstprøvene og oppbevare dei på frys for seinare vidaresending til HI.
Prøva skal ikkje leverast til utanlandske mottak, men takast med vidare til neste lossing på eit norsk mottaksanlegg.
For mottaksanlegga
Jobben til mottaksanlegga vil vera å ta imot fangstprøvar frå fartøy som leverer fangst, og å oppbevara prøvane til dei kan sendast til Havforskingsinstituttet
– Prøvane skal sendast til HI kvar månad.
HI har fraktavtale med «Kyst1» som tek seg av alt det praktiske. HI betalar for frakta.
Har du spørsmål?
Lurer du på hvordan dette skal gjøres i fangstdagboka, kontakt vår kundeservice på 90284000. Har du spørsmål om fangstprøvelotteriet, ring Fiskeridirektoratet på 55 23 83 36.